Flexible Work, Better Balance
Som driftsteknikar er du ein del av kvardagshelt-laget i Voss Resort. Du held hjula i gang og bidreg til å skape dagar som vert hugsa og snakka om. Du trivst ute i fjellet året rundt og likar å skru og finne løysingar. Uansett vêr og føre sørger du for at heisane går som dei skal, og at anlegget er klart til å gje gjestene våre dei beste opplevingane.
Driftsavdelinga sørgjer for at anlegget er driftssikkert og alltid klart til opning. Me søkjer driftsteknikar som liker tekniske utfordringar og som vil vera stolt over det me skapar saman. Du elskar fjell, snø og allslags vêr og får eit realt kick av at snøkanonanlegget produserer perfekte snøkorn, i tillegg til at heisen går knirkefritt. Det er drivkrafta for deg å vera med å skapa dei beste kundeopplevingane.