Flexible Work, Better Balance
Fjord1 har no ei ledig stilling som 1.maskinist i sambandet Arsvågen-Mortavika pt. MF Raunefjord. Arbeidsordninga er dagskift, 2 veker på og 2 veker fri, med ei arbeidsveke på 85 timar. Du kan reise heim etter endt vakt, men det er også mogleg å bu om bord dersom du ønsker det. Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid! I rolla som 1.maskinist har du eit stort ansvar i drifta av fartøyet og fungerer som maskinsjefen sin stedfortredar. Du vil her jobbe på eit av dei mest trafikkerte ferjesambanda, i ein travel, men trygg kvardag med godt samarbeid og gode utviklingsmoglegheiter. Arbeid om bord gir verdifull erfaring og ettertrakta kompetanse innan drift av gassfartøy. Dette er ei unik moglegheit for deg som har ambisjonar om å bli maskinsjef og ønsker ei langsiktig karriere hos oss.