Flexible Work, Better Balance
Vil du ha ein jobb som gir deg rom for både arbeid og fritid? Vi ser etter ny maskinsjef til vår elektriske ferge Norangsfjord, på sambandet Aukra-Hollingsholmen.
Det betyr lange friperiodar til familie, fritid og det som betyr mest for deg. Skiftordning er 2 veker på (ei veke dag og ei veke natt) og 2 veker fri.
Søker må bu lokalt.
Hos oss i Fjord1 får du ein spennande arbeidskvardag i eit framtidsretta selskap med moderne fartøy, fokus på miljø og teknologi, konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar.