Position Overview
Sogndal kommune
**Ungdomslos**:
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
**Vil du vere med og gjere ein forskjell for barn og unge i Sogndal?**
Me styrkjer innsatsen for barn og unge, og søkjer ein ungdomslos (3-årig engasjement) som vil bidra til å skape meistring, trivsel og skulemotivasjon for dei i alderen 10-19 år. Målet er å førebyggje fråvær og hjelpe fleire med å fullføre skuleløpet sitt.
Stillinga høyrer til i den nye kommunale psykiske helsetenesta for barn og unge (Barne-, ungdoms
- og familiestøtte). Tenesta er eit tverrfagleg lågterskeltilbod som gjev tidleg hjelp og oppfølging. Her vil du jobbe saman med psykologar, familierettleiarar, lærarar, utekontakt og andre fagpersonar.
Stillinga kan delast mellom to personar på deltid.
Arbeidsoppgåvene dine vil vere å:
- Følgje opp barn og ungdom gjennom motiverande samtalar og praktisk støtte
- Bidra til styrkt skuletilknyting og deltaking i fritidstilbod
- Vere til stades på viktige arenaer ...