Flexible Work, Better Balance
Volda kommune er på jakt etter fagarbeidarar og assistentar som kan tenke seg å vere tilkallingsvikar i dei kommunale barnehagane. Denne utlysinga gjeld for barnehageåret 2025/2026 og er ikkje knytt til ei spesifikk stilling, men til ei liste over søkjarar som kan vere tilkallingsvikarar.
Arbeidet er knytt til barn i barnehagealder, 1-5 år. Som tilkallingsvikar må du ha høve til å stille opp på kort varsel. Tilkallingsvikarar vert tilsett med arbeidsavtale i kortare eller lengre periode. Stillingsstorleik kan variere etter behov. Det er styrar ved den einskilde barnehage, som gjer avtale med tilkallingsvikar. Referansar kan verte kontakta.