Position Overview
Om stillinga
Eining Habilitering, butiltak for utviklingshemma treng dyktige og engasjert tilkallingsvikarar. Me har to butiltak, Åsvegen bueining og Stemhaugen bueining, som ligg i gangavstand til alle fasisliteter i Sveio sentrum. Her nyttar me turnus med langvakter inntil 14 timar på dag kveld og 10 timar på natt. Du må ha fylt 18 år. Me treng deg som kan stille opp på kort varsel, men det kan og være aktuelt med kortare vikariat etter avtale. Stillinga kan og passe godt for studenter/elever på ettermiddag og helg.
Skriv litt om deg sjølv, kva moglegheiter du har. Ta gjerne kontakt på telefon med kontaktpersonane for meir informasjon om du ynskjer det. Du vil få god opplæring for å være kjent med situasjonar du skal delta i.
Arbeidsoppgåver
Bebuerane ved avdelingane bur i eigne leilegheiter der me tilbyr gode miljøtenester. Du fylgjer bebuar gjennom dagen, og er med på å leggje til rette for gjennomføring av daglege aktivitetar ut frå behov. Brukar har blandt anna behov ...