Flexible Work, Better Balance
Har du lyst til å bli del av eit stort og spennande fagmiljø? Då er TK Vestland noko for deg! TK Vestland er ett av fem regionale kompetansesenter i Noreg, og vi tilbyr spesialisttannhelsetenester til befolkninga i Vestland. Praksisnær forsking er høgt prioritert hos oss, og eit sentralt mål er at resultata skal kome både tannhelsetenesta og pasientane til gode. Vi utfører undersøking og behandling av pasientar som er tilvist frå offentlege og private tannklinikkar. I tillegg driv vi utadretta verksemd gjennom rådgjeving, kurs og hospitering for tannhelsepersonell. Spesialistklinikken ved TkVestland i Årstadveien 19 har 10 moderne behandlingsrom, og vi har òg ein klinikk ved Haukeland sjukehus. Totalt er vi rundt 45 tilsette, med spesialistar innan alle odontologiske fagområde.
Haukeland tannklinikk er Vestland fylkeskommune si tannklinikk ved kjevekirurgisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus. Klinikken er ein del av TkVestland. Vi har...