Flexible Work, Better Balance
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Vi søkjer ein motivert og fagleg sterk kandidat til ei stipendiatstilling i fagkommunikasjon knytt til Senter for norsk fagspråk ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. Vi oppmodar kandidatar med norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan relevante fagfelt som til dømes språkvitskap, medievitskap, journalistikk, statsvitskap, design eller geofysikk til å søkje. Planlagd oppstart er så snart som mogleg. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år.
I stillinga får du ein unik moglegheit til å utvikle deg innanfor fagfeltet, bidra til ny kunnskap på feltet og delta i eit stimulerande akademisk miljø.
Institutt for litterære, lingvistiske og estetiske studium har kring 8...