Position Overview
Om stillingaKompleks rehabilitering Sandviken (KRS) har ledig 100% fast stilling for spesialsjukepleiar. Turnus er p.t. todelt, med arbeid kvar 3. helg.
Vi er for tida i prosess med å etablere eit pilotprosjekt kor det, frå mars 2025, vil vere moglegheit for å ønske seg:
- Turnus slik den er i dag
- Langvakter 12,5 t. laurdags/sundag kvar 4. helg, med todelt turnus utanom
- Kun langvakter 12,5 t. i heile turnusen, med arbeid kvar 4. helg
Seksjon kompleks rehabilitering Sandviken (KRS) er ein lukka seksjon med 8 døgnplassar som gir eit tilbod til to ulike pasientgrupper. Seks av plassane er for personar med psykoseliding med kompliserande tilstandar som til dømes rus og personlegheitsforstyrringar, medan to plassar er for personar som har kombinasjon av psykose og psykisk utviklingshemming eller utviklingsforstyrring.
Arbeidet i seksjonen er tverrfagleg, der teamet består av mellom anna psykiater, psykolog, sosionom, sjukepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar. Fok...