Position Overview
Prehospital avdeling består av ambulanseseksjonane og AMK Førde, som ligg organisert i Kirurgisk klinikk. Ambulansetenesta består av 19 døgnambulansar og 8 dagambulansar. Dette i tillegg til 2 moderne ambulansebåtar som dekkjer kystlinja vår frå stasjonane i Solund og Florø.
Tenesta har omlag 230 tilsette fordelt på våre 16 stasjonar i helseføretaket sitt nedslagsfelt. Vi har eiga særavtale for kompetansetillegg for ambulansearbeidarar
Stasjonane har ulike vaktordningar og vanlegvis døgnvakter med vakt på vaktrom, ca 2 døgnvakter per veke, eventuelt med kombinasjon av dagbilvakter på 10-12 timar aktiv tid. For å optimalisere bruk av vikarar, kan det bli førespegla arbeid ved fleire stasjonar innanfor ei arbeidsavtale.
Det må kome fram i søknaden kva nedslagsfelt vikaren ønskjer å jobbe i (Nordfjord, Sunnfjord, Sogn) og kva periode søkjar kan jobbe.
Vi forbeheld oss retten til å selektere vikarar ut frå kva arbeidskapasitet som kan leggast til grunn. Vikarar må vere budd på ...