Flexible Work, Better Balance
Fast stilling for sjukepleiar og/eller vernepleiar i inntil 60% stilling på natt, kan aukast til 100% med kombinasjon dag/kveld eller langvakter. Stillinga er ledig frå 20. april. Tilsetjing fortløpande.
Vossestrand Omsorgstun ligg vakkert til ved Oppheimsvatnet, 2 mil frå Voss Sentrum. Me har tre avdelingar med plass til 25 bebuarar, 16 langtidsplassar og 9 omsorgsbustadar med heildøgns bemanning. Heimetenesta har stort geografisk område med omlag 50 heimebuande som har tenester hjå oss. Me har eigen dagavdeling 2 dagar for veka.