Flexible Work, Better Balance
Ved Akuttpsykiatrisk post ved Haugesund sjukehus møter du menneske i akutt psykisk krise. Her treng vi sjukepleiarar, vernepleiarar og helsefagarbeidarar som klarer å vere rolege, tydelege og varme – også når situasjonen er krevjande.
Vi ser etter deg som trur på relasjonar som ein viktig del av behandlinga. Du forstår at eit blikk, ei pause eller det å vere til stades kan bety mykje. Og du ønskjer ein jobb der du kan gjere ein forskjell – også når resultatet ikkje viser med ein gong.
Kanskje er dette deg? Då vil vi gjerne høyre frå deg.
Stillingane er i turnus med dag-, kveld- og nattarbeid.
Oppgåvene er i stor grad felles for sjukepleiarar, vernepleiarar og helsefagarbeidarar. Nokre oppgåver, som til dømes legemiddelhandtering, følger autorisasjon, kompetanse og gjeldande rutinar.
Hos oss jobbar du tett på pasientar i akutt psykisk krise. Arbeidskva...