Position Overview
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
- Om stillinga
**Drøymar du om ein jobb til sjøs i Noregs vakraste fjord? No har du sjansen!**
Vi søkjer overstyrmenn, maskinsjefar, matrosar og cateringmedarbeidarar til fartøya MF Bolsøy og MF Veøy. Ferjene trafikkerer den storslåtte Geirangerfjorden - ein verdsarvfjord kjend for majestetiske fjell og imponerande fossefall.
Behovet er i perioden 1. april til 31. oktober, med turnusordning på 2 veker i arbeid og 2 veker fri - perfekt for deg som ønskjer ein god balanse mellom jobb og fritid. Vi ser etter deg som kan jobbe delar av eller heile perioden - oppgjev i søknaden når du ønskjer å arbeide.
Som ein del av mannskapet har du ei nøkkelrolle i å sikre trygg og profesjonell drift - samtidig som du bidreg til å skape minneverdige opplevingar for reisande frå heile verda. Her får du ein sesongjobb som kombinerer faglege utfordringar, varierte arbeidsoppgåver, naturopplevingar i verdsklasse og eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer....