Position Overview
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie
- og arbeidsplass.
Vil du leie eit internasjonalt og tverrfagleg forskingssenter?
Ved Senter for kvinne
- og kjønnsforsking (SKOK) er det frå 1. august 2026 ledig ei åremålsstilling som senterleiar. Åremålsperioden for stillinga er på fire år, med høve til å søkje om inntil ein ny åremålsperiode.
Kvifor søkje?
Som senterleiar får du ein unik moglegheit til å leie, utvikle og påverke.
Stillinga er både utfordrande, mangesidig og ansvarsfull. Du vil arbeide i eit spennande og mangfaldig miljø med dyktige og inspirerande kollegaer, der du skal vera med på å forme senteret slik at både tilsette og studentar får gode vilkår for læring, utvikling og trivsel.
I stillinga vil du få god moglegheit til å ...