Position Overview
Bruk kunnskapen din til å gjere samfunnet betre! Me i Sweco leitar no etter ein erfaren landskapsarkitekt som kan styrke fagmiljøet vårt i Telemark.
Her får du høve til å arbeide med utfordrande prosjekt frå første dag, saman med engasjerte kollegaer. Sjølv om du alt har mykje kunnskap, veit me at du òg ønskjer å utvikle deg. I Sweco er det heldigvis forventa at me utviklar oss fagleg heile tida, så førebu deg på bratte læringskurver.
Landskapsarkitektane i Telemark er ei gruppe med 3 dedikerte rådgjevarar. Me arbeider med landskapsarkitektur innanfor eit breitt spekter av oppgåver - alt frå analysar og overordna stadutvikling til detaljert formgjeving og prosjektering. Du vil kunne arbeide i ulike prosjekttypar, som infrastruktur-, bygg
- eller energiprosjekt. Me legg til rette for at dei tilsette skal lykkast med arbeidsprestasjonane og karrierevala sine. Hos oss ønskjer du å gjera ein skilnad og du vil utvikle deg.
I Sweco har me eit sterkt fagmiljø med over 70 landskaps...