Position Overview
Om stillingaAvdeling for rusmedisin (AFR) legemiddelassistert rehabilitering (LAR) tilbyr pasientane tverrfagleg poliklinisk og ambulant behandling, og er den største seksjonen i AFR. Som seksjonsleiar av LAR (leiar nivå 3 i Helse Bergen) rapporterer ein til direktør i AFR (nivå 2) og er del av hans leiargruppe. Den polikliniske verksemda er spreidd på seks ulike lokasjonar og har 7 teamleiarar. Heroinassistert behandling (HAB) er eit av teama. Den utlyste stillinga er såleis å vere leiar for teamleiarar, og eininga har ei eiga leiargruppe. Det er sett i gang ein prosess for å vurdere leiarstrukturen i AFR. Den som blir tilsett må derfor pårekne at det kan komme endringar i organisasjons-, leiarsstruktur, ansvar og oppgåver i stillinga.
Behandlingstilbodet er teambasert, der godt tverrfagleg samarbeid er avgjerande viktig for å kunne gi god og individuelt tilpassa pasientbehandling. Medarbeidarane har ulik fagbakgrunn og utgjer legar, psykologar, sjukepleiarar, vernepleiarar, sosion...