Position Overview
**Avdeling for AIO har ledig ei spennande og utfordrande leiarstilling for Anestesi Førde. Har du lyst til å ta leiaransvar og bidra til å utvikle anestesiseksjonen vidare?**
Vi søkjer etter ein nytenkjande, framtidsretta og løysingsorientert seksjonsleiar, som med sin veremåte bidrar til eit positivt og godt arbeidsmiljø. Du er engasjert, opptatt av leiarskap, tar ansvar og samarbeider godt både internt og eksternt.
Seksjonsleiar må bidra til å forvalte ressursane til det beste for pasientane, Avdeling AIO og føretaket. Dagens samfunn er i hurtig endring, og vi må innan alle område tilpasse/endre oss for å møte framtida - vi skal vere framtidsretta og innovative.
Avdeling for AIO er organisert i 7 seksjonar - anestesi, intensiv, operasjon Førde, operasjon Lærdal, dagkirurgi, sterilsentral og anestesilegar. Anestesiseksjonen i Førde har 30 stillingar inkludert seksjonsleiar og fagutviklar. Vi har i dag aktivitet innan fagområda ortopedi, gastro-/endokrin-/proktologi-/plastikk-...