Flexible Work, Better Balance
Har du lyst på nye utfordringer? Vi har ledige stillingar i Ambulant team som psykisk helsearbeidar. Her er det utfordrande og spennande arbeidsoppgåver i eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø.
Rus- og psykiske helsetenester søkjer etter psykisk helsearbeidar til fast 100% stilling og eit vikariat i 100% i eit år.
Arbeidsstad er Rus- og psykiske helsetenester, Husnes tenestesenter.
Arbeidstidsordning er dagtid/fleksitid. Tilsetting medio august 2026.
Som tilsett ved Rus og psykisk helsetenester skal ein arbeide ut frå eit recoveryperspektiv. Dette inneber å ha fokus på ressursar, meistring, likeverd og fleksibilitet. Ein skal bistå brukarane i å nå eigne mål for ein betre kvardag med meining og meistring. Arbeidsoppgåvene kan vere blant anna å ha terapeutiske samtaler, kartlegging, hjelpe brukarane til å strukturere kvardagen og å finne meiningsfulle aktivitetar, kurshalding, pårørandearbeid, rapportering, opplæring ...