Position Overview
Om stillinga«Nasjonalt kompetansenettverk for legemidler til barn» (heretter: Nettverket) arbeider for at legemiddelbehandling til barn skal vere hensiktsmessig og trygg, og i størst mogleg grad basert på dokumentert kunnskap. Nettverket arbeider for at alle partar som er involverte i legemiddelbehandling av barn skal ha, eller ha tilgang til, nødvendig og relevant kunnskap slik at dei kan handle og samhandle på ein hensiktsmessig, korrekt og trygg måte.
Nettverket blir finansiert over statsbudsjettet, rapporterer til Helsedirektoratet, og drifta er underlagd Helse Bergen og Barne
- og ungdomsklinikken ved Haukeland universitetssjukehus. Nettverket er tverrfagleg og blir leia av barnelege og sjukehusfarmasøyt, høvesvis som leiar og nestleiar, begge i 50% stilling.
Den regionale koordinatoren er ein del av styringsgruppa til Nettverket. I denne gruppa er det representantar frå alle dei regionale helseføretaka, samt representant frå primærhelsetenesta. Styringsgruppa skal reflek...