Position Overview
Luster Sparebank Frist 16.8.2026 Ansettelsesform Fast Rådgjevar bedriftsmarknad Luster Sparebank er ein sjølvstendig bank der gode kundeopplevingar og lokal verdiskaping står i sentrum. Me har bedriftskundar innanfor fleire ulike bransjar og med tilhaldsstad både i Sogn og i andre delar av landet. No søker me ein engasjert rådgjevar til bedriftsmarknaden som ynskjer å bidra til banken sin vidare vekst, og samstundes kan vere ein god sparringspartnar for nye og eksisterande kundar. Arbeidsoppgåver Som bedriftsrådgjevar i Luster Sparebank vil du få ansvar for eiga kundeportefølje og arbeide med: Rådgjeving og sal av banken sine produkt og tenester til eksisterande og nye kundar Kredittvurderingar og presentasjon av kredittsaker Relasjonsbygging og aktivt arbeid mot eksisterande og nye kundar Samarbeid med andre fagmiljø i banken for å sikre heilskaplege kundeløysingar Rolla gir ein variert arbeidskvardag og tett kontakt med næringslivet der du blir godt kjend med ulike bransjar og proble...