Flexible Work, Better Balance
Vi søkjer ein dyktig og samarbeidsorientert kollega i arbeidet med å vareta Miljødirektoratet sine oppgåver innanfor fagområdet rovvilt, men også andre viltoppgåver. Arbeidet omfattar saksbehandling etter viltressurslova- og naturmangfaldlova og reglar til desse. Saksfeltet er spennande og har eit sterkt, fagleg fokus, og stor allmenn interesse. Erfaring og kompetanse med forvaltningspraksis på rovviltområdet er difor ønskeleg.
Stillinga ligg i viltseksjonen som er ein av seks seksjonar i Land- og friluftslivsavdelinga. Viltseksjonen arbeidar med forvaltningssaker knytt til naturmangfaldlova og viltressurslova. Arbeidsfeltet til seksjonen er allsidig og utfordrande, og inneber mykje kontakt med eksterne aktørar og formidlingsarbeid.
Seksjonen har 16 medarbeidarar og arbeidsstaden er på Brattøra i Trondheim.