Flexible Work, Better Balance
Vi har ledig ei fast stilling, og eit vikariat med varigheit fra september 2026 til juni 2027.
Kva får du jobbe med hjå oss? Du får gode kollegaer i ei stor og spennande avdeling med eit godt arbeidsmiljø.
Bufdir forvaltar tilskot til frivillige organisasjonar, stiftingar, kommunar og andre aktørar. Tilskotsordningane er mellom anna retta mot barn og unge, familier og par, likestilling, deltakelse, ikkje‑diskriminering, inkludering og vald i nære relasjonar.
Arbeidsområdet er knytt til Bufdir si tilskotsforvalting. Dette inneber sakshandsaming av søknader og rapportar, kontroll av rekneskap samt oppfylging av dei som får tilskot (råd og rettleiing). Direktoratet gir råd til ulike departement om utforming av tilskotsordningane og rapporterer om måla vert nådd. Oppgåvene kan vere knytt til tilskotsordningar på fleire av Bufdir sine fagområde.
Som medarbeidar får du ein jobb der du verkeleg ser resultat ...