Position Overview
Om stillinga
Bjørgvin distriktpsykiatriske senter (DPS) er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Bjørgvin DPS er ein moderne og veldreven klinikk som gjev psykiatriske spesialisthelsetenester til innbyggjarene i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Osterøy., samt bydelane Arna og Åsane i Bergen kommune. Samla har klinikken eit opptaksområde med 80 000 innbyggjarar over 18 år. Bjørgvin DPS har i 2025 eit budsjett på 164 millionar kroner, og ca 220 tilsette fordelt på omtrent 150 årsverk. Klinikken er lokalisert på Tertnes i Åsane og Knarvik i Alver kommune. Døgntilbodet er lokalisert på Tertnes, medan det polikliniske tilbodet går føre seg både i Knarvik og på Tertnes. Klinikken er delt i to fagområde psykose og allmennpsykiatri.
**Vi ønskjer denne gongen å styrke vårt DBT-team, samt styrke vårt tilbod til pasientar som treng noko anna enn det tradisjonelle polikliniske tilbodet. Det gjer at vi denne gongen s**økjer etter to** engasjerte...