Flexible Work, Better Balance
Hos oss vert du ein del av eit fagmiljø med fire psykologar som arbeider for å styrkje kvaliteten i kommunen sitt heilskaplege arbeid innan psykisk helse og rus. Vi søkjer deg som ønskjer ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, der du får kombinere klinisk arbeid, førbygging, rettleiing og tverrfagleg samarbeid.
Arbeidsstaden er i Knarvik , om lag 30 minutt nord for Bergen. Her held vi til i nytt helsehus, samlokalisert med mellom anna BUP, DPS, legar, helsestasjon, PPT og barnevern. Dette gir gode vilkår for samarbeid og for å byggje heilskaplege tilbod rundt barn og familiar.
Som kommunepsykolog for barn og unge vil du arbeide både direkte med barn, ungdom, foreldre og familiar, og bidra inn i kommunen sitt samla psykiske helsetilbod. Stillinga passar for deg som trivst med ein variert arbeidskvardag og ønskjer å jobbe både be...