Position Overview
og samfunnsspørsmål - og meldingar av bøker, musikk, film og teater. På berre fem år har vi fått nesten 25 prosent fleire abonnentar. Opplaget er 15 700 i dag. Avisa har kome ut sidan 1962. Over DAG OG TID-logoen den gongen var det tre små globusar. Det synte til vidsynet. DAG OG TID skulle vera ei avis med ambisjonar og ikkje innettervend. Denne redaksjonelle lina står avisa trygt på i dag òg. Endringane i medielandskapet gjer og at DAG OG TID blir viktigare. Det meste av makta i Avis-Noreg har no blitt samla i store konsern der felles eigarskap og stoffdeling gjer storavisene stadig meir like kvarandre. DAG OG TID har ingen kommersielle eigarar og betalar ikkje utbyte til aksjonærane. DAG OG TID fekk Fritt Ord-prisen 2017 for «grundig og seriøs journalistikk som tek heile Noreg på alvor». Avisa får fast pressestøtte frå Medietilsynet og prosjektstøtte frå Fritt Ord, Kulturrådet og Stiftinga Vener av DAG OG TID. Sektor: Privat Sted: Pilestredet 8, 0180 Oslo Hjemmekontor: Delvis hjemme...