Position Overview
**Politiadvokat 2 **Felles eining for påtale, Felles straffesaksinntak**:
**Om stillinga**:
I Vest politidistrikt, Felles eining for påtale, Felles straffesaksinntak (FSI), er det ledig ei fast stilling som politiadvokat 2 (SKO 1543).
Stillinga som Politiadvokat 2 vil ha eit særleg ansvar innan fagområdet Utlending og grense, og vere den leiande juridiske kompetansen innan dette feltet.
Stillinga er nyoppretta og ligg under seksjon for Felles straffesaksinntak (FSI). Dette er ei dagstilling som ikkje inngår i seksjonen si turnusteneste, men som krev tett samarbeid med driftseininga Felles Utlending og Forvaltning, Seksjon for utlendingskontroll og Grenseseksjonen. Stillinga vil også ha eit nært samarbeid med FSIs politispesialist for internasjonalt samarbeid.
Arbeidsoppgåvene inkluderer deling av juridisk kompetanse både internt i seksjonen og med andre avdelingar i Vest politidistrikt. Dette kan mellom anna innebera å representera seksjonen gjennom foredrag, utarbeiding...