Position Overview
Om stillingaAugeavdelinga søker to operasjonssjukepleiarar. Har du lyst å utgjere ein forskjell? Då er du ein av oss.
Seksjon for operasjon treng to operasjonssjukepleiarar i 100% fast stilling. Du blir ein av eit team på 10 som bemannar 4 stover, 3 stk på Augebygget og ei stove i Glassblokkene. Vi er den største augeavdelinga i Helse Vest. Avdelinga utfører om lag 48 000 behandlingar pr.år, og dekker alle funksjonar innan augebehandling. Vi har operasjonar i både lokal og generell anestesi. Augeavdelinga har hatt ein stor auke i aktivitet dei siste åra, og den veksten vil fortsette med stadig fleire eldre. Vi ønsker å vere ei leiande avdeling innanfor faget. Avdelinga er organisert i 4 seksjonar. Ein seksjon for legetenester, ein for kontortenester, ein for operativ verksemd og seksjon for poliklinikk og dagbehandling.
Vi ønsker deg som liker å ta ansvar for å drifte stova du arbeider på og for å skape eit positivt og godt arbeidsmiljø. Du vil få glede av å bidra saman med engas...