Flexible Work, Better Balance
Eiksenteret opplever aukande kundepågang i Nordfjord og nordre delar av Sunnfjord. For å levere service i særklasse til våre kundar, er vi no på jakt etter ein områdeleiar / servicemekanikar , med base her, i vakre Nordfjord .
Dette er ei stilling for deg som likar å ta ansvar, løyse tekniske utfordringar og skape dei beste serviceopplevingane for kundane våre. Du vil få ei sentral rolle i oppfølginga av kundar nord i regionen, med service, feilsøking og reparasjonar på traktorar, landbruksmaskiner og tilhøyrande utstyr.
Vi ser gjerne at du har erfaring som landbruksmekanikar, men vi veit at gode mekanikarar kan kome frå andre mekaniske, eller tilstøtande fagområde . Det viktigaste er at du har god teknisk forståing, jobbar sjølvstendig og har vilje til å lære.
Hos oss får du jobbe med kjende merkevarer som Massey Ferguson , Fendt , Ålø , Grimme , Dalen , Foss-Eik , Amazone og f...