Flexible Work, Better Balance
Ved Vartdal helsetun har vi for perioden d.d.- ledig vikarstilling for off. godkjent helsefagarbeidar.
Vartdal helsetun er lokalisert ca. 24 km frå Ørsta sentrum i retning Ålesund. Helsetunet har 28 plassar og 4 trygdebustadar. Dei administrerer også heimebaserte tenester i Vartdal regionen.
Vi arbeider målretta for å gi individuell pleie og omsorg av høg kvalitet, med fokus på å styrke brukaren si eiga meistringsevne. Fagkompetanse er til stades heile døgnet og året rundt, og vi nyttar oppgåvedeling for å sikre effektiv og fagleg forsvarleg tenesteyting. Vi ser etter deg som er god på kommunikasjon og samarbeid, som har eit godt humør og evne til å arbeide i eit miljø prega av omstilling og utfordringar. Du vil få dyktige kollegaer på laget som jobbar saman i team.
Ved god kapasitet på eiga avdeling kan arbeidsoppgåver bli lagt til andre avdelingar, og det må påreknast å bidra på tvers av avdelingar etter behov.
Vi arbei...