Position Overview
Vil du vera med på å skapa trygge og gode kvardagar for barn og unge? Er du typen som ser kvar enkelt og har lyst til å gjera ein forskjell? Då vil me gjerne ha deg med på laget vårt!
**Kva du kjem til å gjera**:
Som miljøarbeidar hos oss skal du:
- vera til stades i kvardagen til elevane - både i timar, friminutt og på aktivitetar
- bygga gode relasjonar og bidra til eit inkluderande miljø der alle kjenner seg sett og trygg
- samarbeida tett med lærarar og andre tilsette for å skapa trivsel og meistring
- vera ein trygg og positiv vaksen som elevane kan læra av og stola på
**Kven er du?**
Me ser etter deg som:
- likar å jobba med barn og unge, og som brenn for å skapa eit godt skulemiljø
- er omsorgsfull, lyttande og har evne til å bygga tillit
- har godt humør, er tålmodig og finn løysingar i små og store situasjonar
- er trygg på deg sjølv, men også glad i å samarbeida med andre
- ser verdien av å sjå kvar enkelt elev, men også styrka fellesska...