Position Overview
Miljørettleiar
- Skodje skule, Ålesund kommune-
- (i ny fane)
- Om stillinga
- Inntil 100 % engasjementsstilling som miljørettleiar er ledig ved Skodje barne
- og ungdomsskule, ved barneskuleavdelinga. Oppstart etter avtale. Stillinga er knytt til elevar med spesielle behov. Det er ynskjeleg med helsefagleg bakgrunn og erfaring.
- Skodje barne
- og ungdomsskule er ein 1 - 10 skule med ca. 400 elevar, fordelt på to skulebygg. Skulebygga ligg i umiddelbar nærheit med kvarandre, men elevane har ulike uteområde. Vi har omtrent 100 barn i SFO. Skulen har ei unik plassering som ligg tett inn mot store friareal som kan brukast til både organiserte læringsaktivitetar og frileik. Kulturhus, idrettsanlegg og barnehage er våre næraste naboar, forutan nærleik til skog og natur.
- Vi har eit positivt og godt arbeidsmiljø med eit engasjert og utviklingsorientert kollegium, med brei og allsidig utdanning og praksis. Jobben som lærar / kontaktlærar er både utviklande og utfordr...