Position Overview
Om stillinga
**Seksjon for medisinsk fysikk**har ledig ei fast stilling i 100% stilling som medisinsk fysikar med fagfelt medisinsk fysikk i stråleterapi. Stillinga vil vere knytt opp mot koordineringsansvar for eksperimentelt forskingsrom innan protonterapi, og inneheld eigen forsking som postdoktor dei første åra.
Seksjon for medisinsk fysikk er eit kompetansesenter innan fagfeltet medisinsk fysikk. Vi er i dag om lag 50 tilsette, alle med universitet eller høgskuleutdanning. Ei av seksjonen sine hovudarbeidsoppgåver er å yte teknisk
- og fysikkstøtte til klinikken si stråleterapieining. Seksjonen har òg ansvar for medisinsk fysikk innan protonterapi - som blei starta i Bergen våren 2025.
Den ledige faste stillinga er som koordineringsansvarleg for det eine gantryet innan protonterpi, som er dedikert til eksperimentell protonterapiforsking. Dette er organisert som ei kjernefasilitet i Kreftklinikken. Stillinga er sett saman av to delar. 50% har ansvar for tilrettelegging ...