Position Overview
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS-
- Om stillinga
- **Fjord1 søkjer no ein engasjert og erfaren maskinsjef til sambandet Hufthamar-Krokeide, trafikkert av vår moderne og miljøvenlege el-ferje MF Møkstrafjord.**
- Denne hybridferja bygd i 2018, er oppgradert med batteri som primær energikjelde i framdriftssystemet. Dette er eit viktig steg i vårt arbeid for å redusere utslepp og bidra til ei meir berekraftig framtid.
- Som maskinsjef vil du ha ei sentral rolle i å sikre effektiv og teknisk drift om bord. Du får ansvar for vedlikehald og overvakning av maskineri og energisystem, og vil vere ein nøkkelperson i å oppretthalde høg driftssikkerheit på sambandet.
- Du blir del av eit team med dyktige og hjelpsame kollegaer, og får jobbe med framtidsretta teknologi i eit rederi som er blant dei leiande i landet. Her får du verdifull erfaring og gode karrieremoglegheiter i ei næring som er i stadig utvikling.
**
Reisetida mellom Bergen og Krokeide er om lag 25 minutter**