Position Overview
Fjord1 AS
- Om stillinga
**Vil du vere med på utvikling, realisering og oppstart av verdas første autonome ferje? Vi søkjer maskinist til engasjement som byggetilsyn inspektør i Tyrkia.**
Fjord1 søkjer etter ein maskinist til eit spennande engasjement som byggjetilsyn inspektør ved Tersan Shipyard i Tyrkia under bygging av fire nye autonome ferjer til sambandet Lavik - Oppedal.
Kvar av ferjene skal ha kapasitet til 120 personbileiningar og 399 passasjerar, og vil bli utrusta med batteri og ladesystem for heilelektrisk drift på sambanda. Design og teikningar er det HAV design som står bak, Norwegian Electric System er systemintegrator.
Fartøya skal leverast frå verft mellom januar og juni 2026
Byggjetilsynet er ein kombinasjon av eksterne byggjeplassleiar og disiplin-inspektørar, samt maskinist og nautikar frå Fjord1 for å nytte intern kompetanse og ivareta erfaringsoverføring.
Turnus er 4 veker i Tyrkia etterfulgt av 1 veke på kontoret i Florø, før 3 veker avspaser...