Flexible Work, Better Balance
Eg er ein kjekk kar i byrjinga av 30-årasom som søkjer nye BPA-assistentar. Dette er ein jobb for deg som har godt humør, pågangsmot og ikkje redd for å bli skitten på hendene. Eg har fleire ledige stillingar, både fast 40% og som tilkalling (ved sjukdom/høgtid/ferier).
Jobben er så variert at det er vanskeleg å skildre, men den går i hovudsak ut på å vera mine armar og bein og auge. Eg treng hjelp til alt av kvardagslege gjeremål som til dømes personleg hygiene, mat, husstell og liknande. I tillegg liker eg reising, konserter og alt som gjev adrenalin. Arbeidstida er morgon eller kveldsvakt, altså 08:00-15:30 og 16:30-00:00.
Oppstart vil vere så snart som mogleg!