Flexible Work, Better Balance
Koordinerande sjukepleiar skal ha ei sentral rolle i oppfølginga av pasientar med alvorleg sjukdom, og vere ein fagleg ressurs i både rehabiliteringsfasen, lindrande behandling og i den palliative fasen. Stillinga skal bidra til heilskaplege, trygge og koordinerte tenester for pasientar og pårørande på tvers av nivå og fagområde. Koordinerande sjukepleiar skal kartleggje behov, planleggje, koordinere og følgje opp pasientforløp, og sikre god samhandling mellom pasient, pårørande, fastlege, sjukehus, heimeteneste, institusjon og andre relevante samarbeidspartnarar.