Position Overview
Kommunikasjonsrådgjevar Møre og Romsdal Politidistrikt Frist Ansettelsesform Vikariat Har du lyst på ein spanande kommunikasjonsjobb? Om stillinga Ein av våre rådgjevarar skal ut i foreldrepermisjon. Derfor ser vi etter deg som har lyst til å bli ein del av kommunikasjonsstaben i politidistriktet vårt i åtte månader med moglegheit for forlenging. Har du lyst til å samarbeide med mange ulike fagområde? Du vil få ei viktig rolle knytt til kommunikasjonsarbeidet i politiet i den vesle kommunikasjonsstaben vår. Det er ei bratt læringskurve hos oss. Derfor treng vi deg som tek ansvar. Vi er flinke til å spele kvarandre gode for å løyse samfunnsoppdraget vårt på best mogleg måte. Vi som jobbar med kommunikasjon i politiet er tett på politikvardagen taktisk, operasjonelt og strategisk. Vi må vere gode på å sjå heilskapen, trygge, rettleie og byggje tillit. Vi må også vere modige og tenkje nytt for å kunne nå innbyggjarane våre på ein best mogleg måte. Vil du bli ein del av eit større nettve...