Osterøy kommune søkjer ein strukturert, sjølvstendig og utviklingsorientert innkjøpar som vil få ei sentral rolle i arbeidet med offentlege anskaffingar, rammeavtalar og gode innkjøpsprosessar i kommunen.
Stillinga er nyoppretta, og du vil få høve til å vere med å forme innkjøpsfunksjonen i kommunen. Som innkjøpar vil du vere kommunen sin fagressurs innan anskaffingar og innkjøp, og du vil arbeide tett med leiarar, fagavdelingar og eksterne samarbeidspartar.
Stillinga krev god forståing for offentleg forvaltning, evne til å arbeide sjølvstendig og interesse for å byggje gode system og rutinar.
Arbeidsoppgåver
Planleggje, gjennomføre og følgje opp offentlege anskaffingar
Utarbeide konkurransegrunnlag, kravspesifikasjonar og kontraktsdokument i samarbeid med fagavdelingane
Forvalte og følgje opp kommunen sine rammeavtalar
Sikre etterleving av regelverk for offentlege anskaffingar