Flexible Work, Better Balance
Vil du bli ein del av eit fagleg sterkt og triveleg arbeidsmiljø? Vi søkjer no ein autorisert helsesekretær til fast stilling i 100 % . Som helsesekretær hos oss får du ein variert og spennande arbeidskvardag med både pasientkontakt og administrative oppgåver. Stillinga gir gode høve til fagleg utvikling i eit inkluderande og profesjonelt miljø.
Medisinsk serviceseksjon har om lag 30 tilsette som utfører sekretæroppgåver for dei kliniske avdelingane i medisinsk klinikk: hudavdeling, medisinsk avdeling, avdeling for barn og unge, nevrologisk avdeling, revmatologisk avdeling, kreftavdelinga og fysikalsk medisinsk poliklinikk.