Flexible Work, Better Balance
Kirurgisk seksjon ved Voss Sjukehus har ledig stilling som helsefagarbeidar/hjelpepleiar i vår sengepost. Me ser etter deg som er klar for ein spennande og variert jobb med fagleg breidde, tett på pasientane!
Kirurgisk/ortopedisk sengepost Kirurgisk og ortopedisk sengeposter ein heildøgnspost med pasientar innan fagområdagastrokirurgi, generell kirurgi, ortopedi og gynekologi. Me har både elektiv verksemd med planlagde operasjonar og tek imot pasientar som treng øyeblikkeleg hjelp, noko som gjev ein variert og lærerik arbeidskvardag. Sengeposten har open kontaktfunksjon og solid kompetanse innanforpalliasjon og kreftomsorg. Eininga er ein del av Kirurgisk seksjon - ein aktiv og tverrfagleg arbeidsplass. Arbeidet er organisert i 2-delt turnus med arbeid kvar tredje helg.