Flexible Work, Better Balance
Er du helsefagarbeidar på jakt etter nye utfordringar? Då ser me etter deg!
Solund kommune er ein øykommune samansett av øyer og holmar ytterst i Sognefjorden. På den største øya ligg kommunesenteret Hardbakke og der har vi samla våre helsetenester. I Solund kommune er kvilepuls verdsatt, men av og til kan det jammen vere greitt å få pumpa til å slå litt også i ein variert og kjekk arbeidskvardag.
Vi har ledig fast helgestilling som helsefagarbeidar, i tillegg søkjer vi tilkallingsvikarar. Turnusen vår er i dag tredelt, men me er ikkje framand for å vere nytenkande.
Kunne du tenkje deg å arbeide ein stad med kombinert sjukeheim og heimeteneste med varierte og spanande arbeidsoppgåver? I ein øykommune der det blant anna er like naturleg å bruke båttransport som biltransport når vi skal på heimebesøk.
Solund kommune har slått saman institusjonstenesta og heimetenesta til ei eining, der ei samla personalgruppe har ansvar for både sjukeheimspasientar o...