Flexible Work, Better Balance
Haram bustader 2, Avdeling Solbakken bukollektiv på Vatne, har ledig stilling som helsefagarbeidar i 51,29% stilling. Stillinga består for tida av dag- og kveldsvakter, samt langvakter med arbeid kvar 4. helg.
Tenesteområdet Haram butenester består av tre avdelingar: Haram bustader 1, Haram bustader 2 som består av bustader og Solbakken bukollektiv og dagsenter. Vi har også ei avdeling som består av barnebustad og barneavlastning. Kommunalområde Helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for tenestemottakarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel og utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil kreve nye arbeidsformer i kommunalområdet, nok...