Flexible Work, Better Balance
Gulen kommune har ledig 56% fast stilling som helsefagarbeidar ved Sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra (Sone BBD) frå snarast/etter avtale. Stillinga er for tida knytt til avdeling Byrknes, med ein kombinasjon av kort- og langvakter i vekedagane. Det er langvakter kvar 4. helg.
Me tilbyr:
I sone BBD arbeider det både nyutdanna og tilsette med lang erfaring. Det er eit tett og godt samarbeid mellom assistentar, fagarbeidarar og sjukepleiarar/vernepleiarar kvar dag. Samarbeidet er viktig for at tenestene våre skal verte best mogleg for innbyggjarane i Gulen kommune, og noko me har fokus på kontinuerleg. Eininga har fokus på fagleg utvikling og kompetanseheving blant helsefagarbeidarane.