Flexible Work, Better Balance
Er du ein helsefagarbeidar med eit ekte engasjement for eldreomsorg – og lyst til å bli del av ein solid gjeng med dyktige fagfolk? Vi ser etter deg som vil bidra til ei verdig omsorg, og som har særleg interesse for geriatrisk arbeid.
Rosendalstunet ligg i Rosendal i vakre Kvinnherad ved Hardangerfjorden. Vi er ein institusjon for eldre og menneske som treng pleie, omsorg og rehabilitering. Her har vi 6 avdelingar og 60 plassar innan langtidsopphald, demens og korttid/rehabilitering. Vi tilbyr eit sterkt fagmiljø tett tverrfagleg samarbeid og god tilgang på treningsfasilitetar.
Stillinga er i turnus med arbeid kvar tredje helg, eller turnus med langvakter.
Velferdsteknologi er ein naturleg del av kvardagen vår – no med prosjektet kamerabasert tilsyn.
Utøva helsefaglege oppgåver i samsvar med lovverk, rutinar og kvalitetskrav
Gje heil...