Position Overview
Helse
- eller sosialfaglegutdanning? Nytt dagtilbod
- Omsorg og sjukeheim, Ørsta kommune
- Om stillinga
**Er du klar for å gjere ein skilnad?**
Har du lyst til å vere med og utvikle eit nytt og framtidsretta dagtilbod for yngre heimebuande med demens og/eller kognitiv svikt?
Vi søkjer to dyktige og engasjerte medarbeidarar med helse
- eller sosialfagleg utdanning, gjerne med erfaring frå miljøarbeid og vidareutdanning i demens - som ønskjer å bidra til eit viktig og spanande prosjekt for yngre personar med demens.
Vi har ledig:
- ** 2 x 80 % stilling inkl. helg**
Hos oss får du moglegheita til å vere med på å etablere eit dagtilbod og bidra til å skape tilpassa omsorg og meiningsfulle aktivitetar for yngre heimebuande med demens og/eller kognitiv svikt. Tradisjonelle demensomsorgstilbod treffer ikkje alltid behova deira, og difor treng vi nye løysingar som gir meir relevant støtte i kvardagen, som å skape trygge og positive rammer for deltakarane, og hjelp...