Position Overview
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie
- og arbeidsplass.
Førsteamanuensis/universitetslektor (50 %)
Ved Det medisinske fakultet, Universitetet i Bergen (UiB), er det ledig ei stilling som førsteamanuensis eller universitetslektor (50 %) i medisin ved Klinisk institutt 1 eller ved Klinisk institutt 2 (det avheng av søkjars fagområde/spesialitet). Stillinga skal inneha rolla som fagkoordinator for fjerde studieår ved Campus Stavanger. Arbeidsstaden er ved Stavanger universitetssjukehus (SUS), og søkjarane må ha fast tilsetting ved SUS i minst 50%.
Bakgrunnen for utlysinga av stillinga er fakultetet sin beslutning med å etablere ein regional studiemodell for legeutdanninga ved UiB, i samarbeid med dei lokale helseføretaka i Helse Vest. I før...