Position Overview
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie
- og arbeidsplass.
Førsteamanuensis II i nordisk språk og litteratur
Velkomen som søkjar til ei 20 % åremålsstilling (ekstraverv - «bistilling») som førsteamanuensis II i nordisk språk og litteratur ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. Åremålsperioden for stillinga er to år frå tilsetting. Ønskt oppstartsdato er 1. januar 2026.
Eit krav for tilsetjing i ekstraerverv er at ein har ei hovudstilling utanfor Universitetet i Bergen for heile åremålsperioden.
Om institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Instituttet har kring 80 vitskapleg tilsette, 18 administrativt tilsette, kring 50 ph.d.kandidatar og postdoktorar. Vi tilbyr studieprogram i nordisk språk o...