Position Overview
Om stillinga
Vi søker ein forskingsmedarbeidar-/koordinator i eit 100% engasjement i forskingsprosjektet Affektive svingninger ved nevropsykiatriske lidelser. Engasjementet varer ut 2026. Vi ser etter ein person med interesse for psykisk helsearbeid og erfaring frå både forsking og klinikk.
Stillinga inneber rekruttering, kontakt og innsamling av kliniske data frå deltakande pasientar, samt koordinering og samarbeid med prosjektmedarbeidarar og samarbeidspartnarar, både internt og eksternt. Personlege eigenskapar og datakunnskapar vil bli vektlagt. Prosjektet er ein klinisk studie, og del av eit europeisk samarbeidsprosjekt (Dynamics of Affect Modulation in Neurodevelopmental disorders - DynaMoND), med anerkjende sentre lokalisert i Tyskland, Spania, Italia og Sveits. I Noreg er prosjektet lokalisert til Kronstad DPS i Bergen, og blir gjennomført i samarbeid med kollegaer ved Haukeland universitetssjukehus og Universitetet i Bergen (UiB). Som ein del av prosjektgruppa vil du arbe...