Position Overview
Ferievikarar bu og habilitering
- Helse, omsorg og velferd, Ørsta kommune
- (i ny fane)
- Om stillinga
Vi tilbyr spanande sommarjobb! Frå 23.6.25 til 10.8.25 har vi ledige stillingar, inntil 100 %, som ferievikar i tenesteområdet Bu og habilitering. Vi treng både sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar, fagarbeidarar, studentar og ufaglærte. Tilsetting vert gjort fortløpande.
Vi ber deg skrive litt om deg sjølv i søknaden, **når i perioden du kan arbeide** og om du har særskilt ønske om arbeidsstad.
**Søkjarar som kan arbeide heile perioden vert prioriterte.**
Bu og habilitering er omfatta av desse avdelingane:
- ** Dalevegen 30-32.** _Bustadar og avlastning for barn og unge med funksjonsvariasjonar_
- ** Bakk-Ola-marka.** _Bustadar og utetenester for personar med funksjonsvariasjonar_
Tenesteområdet bu og habilitering yter tenester til menneske med utviklingshemming eller andre funksjonsnedsetjingar som treng tenester i form av praktisk bistand, opplærin...