Flexible Work, Better Balance
Ål legeteneste har ledig inntil 100 % fastlegeheimel.
Har du lyst til å jobbe i ein moderne og fagleg oppdatert legeteneste der det er mogleg å kombinere arbeid med fritid- og familieliv? Legekontoret er kommunalt drifta, godt utstyrt og med erfarent og stabilt hjelpepersonell. Her kjem du til dekka bord, då det ikkje er kostnader for sjølvstendige legar å starte i heimelen.
Vil du kombinere ei overkommeleg fastlegeliste og samtidig vere ein del av ei spanande legevakt med godt kvalifisert hjelpepersonell til stades?
Då treng me deg i vår ledige fastlegeheimel ved Ål legekontor.
Legane i Ål kommune driv felles praksis i eit samla kommunalt legekontor med 10 fastlegar, 1 LIS 1 lege, 1 legevaktslege og 1 sjukeheimslege.
Det etablert utdanningsstilling for allmennlegar i Hallingdal i samarbeid med Hallingdal sjukestugu. Ål kommune er registrert som utdanningsverksemd, har rettleiar for LIS 2 og 3 i legekollegiet, og vil legge til rette for opp...